Det siste året har klyngedeltakar Norwegian Electric Systems signert kontraktar for levering til elleve hybride eller heilelektriske ferjer. Nesten alt Bergens-verksemda gjer bidrar til ein grønare skipsfart. 

LEGG INN FILM HER

Det er ikkje så merkeleg at salssjef Stein Ruben Larsen smilar bredt om dagen, for kontraktane kjem på rad og rekkje. Meir enn åtte av ti framdriftssystem i ordrereserven er basert på grøn teknologi.

– Det siste året har vore ei suksesshistorie. Me har signert kontrakt på elleve ferjer. To av dei er hybride, medan dei ni siste er heilelektriske. Til ei typisk elferje leverer me ustyr frå bru til propell, der hovudkomponentar er motor, generator, tavler, kontrollsystem og sjølvsagt batteri, forklarar Larsen.

Klyngedeltakinga en del av suksessoppskrifta

Norwegian Electric Systems er ein systemintegrator som i hovudsak designar og leverer dieselelektriske, hybride eller heilelektriske framdriftssystem. Selskapet konkurrerer med fleire store internasjonale aktørar, utan at det skremmer Godvik-verksemda sine 40 tilsette.

– Sidan me er sett på som små, er det kjempegøy når me lukkast i kampen mot dei store leverandørane. Men me kjenner litt på veksesmerter. Det er grådig gøy å bli større, men det er også litt vondt når det er så hektisk som det er no, smilar salssjefen.

Larsen skildrar suksessfaktorane som kompetent arbeidskraft, liten og effektiv organisasjon, samt nærleik til både kundane og andre teknologileverandørar. Han legg òg vekt på at klyngesamarbeidet i NCE Maritime CleanTech er ein del av den grøne suksessoppskrifta.

– Å delta i klynga har vore veldig nyttig for oss. Det er ein arena der me kan utvikla og teste konsepta våre med heile det maritime miljøet bak oss. I dei fleste av våre miljøvenlege leveransar er fleire av selskapa i klynga med som leverandørar. Me er også med på spanande utviklingsprosjekt, som å laga eit konsept for grøn cruisetrafikk på Hardangerfjorden (link), seier han.

Marknaden vil ha grøne løysingar

Bruk av den offentlege innkjøpsmakta i ferjeanboda, der det blir stilt strenge krav til energieffektivitet og utslepp, har skapt nye grøne arbeidsplassar og gitt stor verdiskaping for norske verft og leverandørindustri. Som eit resultat har Noreg no ein verdsleiande maritim leverandørindustri på nullutsleppsløysingar. Stein Ruben Larsen er oppteken av at klynga må holde trykken oppe i arbeidet med dei politiske miljøa.

– Dei grøne løysingane me leverer no er eit resultat av den politikken som er ført i Norge. Det er eit veldig høgt fokus på lav- og nullutsleppsteknologi i dag, konstaterer han.

I testhallen til Norwegian Electric Systems står eit av deira karakteristiske blå elektriske tavler klare til testing. Om nokre månadar står framdriftssystemet om bord i ei hybridferje i London.

– Her testar me motor, generator og frekvensomformarar og sjekkar at alt fungerer opp mot energilagringssystemet. Det er ekstra spanande når det nærmar seg fabrikktest. Det blir litt som om me skal opp til eksamen. Men me er sikre på at ustyret fungerer, lovar teknisk sjef Johannes Tveit.

Når alt fungerer betyr det lågare utslepp og som oftast meir kostnadseffektiv drift for reiarlaget. Men òg for dei tilsette i Norwegian Electric Systems betyr det noko ekstra å kunne levere framtidas berekraftige løysingar til skipsfarten.

– Nesten alle systema me leverer i dag inneheld batteri. Me synes det er stort å få være ein del av den grøne bølgja og bidra til ein reinare verd, seier han.

Les mer på NCE Martime Cleantech sin hjemmeside